Lansering av nye RVS

The national interdisciplinary Research School Religion-Values-Society (RVS) blir lansert på MF kl. 15.00 9. februar.

Informasjon

Dato/tid: 
09.02.2016 - 15:00

RVS er eit eksisterande samarbeid om PhD-utdanning mellom fleire norske og skandinaviske universitet og høgskular, som no har motteke ei tildeling på 23 millionar kroner over åtte år som nasjonal forskarskule. Denne nye RVS blir lansert på ei mottaking på MF tysdag 9. februar, kl. 15.00 i kantina.

– Tildelinga er eit løft for religions- og verdiforskinga i Norge, og ikkje minst skaper den eit grunnlag for utvida samarbeid på tvers av institusjonar, fagdisipliner og nasjonale grenser, seier prosjektleiar Geir Afdal, professor ved MF.

Det vil vere lett bevertning og noko underhaldning, samt taler og helsingar frå RVS-representantar og -partnarar, på mottakinga.

For meir informasjon, sjå rvs.mf.no

(Bildet viser noen tidligere RVS-studentene)