Tidleg jødedom og kristendom i Roma

Første veka i oktober var stipendiatar frå MF med på eit nordisk PhD-seminar om jødedom og kristendom i Roma i det første tusenåret.

Line M. Bonde og Nils H. Korsvoll var med frå MF det nordiske PhD-nettverket The Study of Judaism, Christianity and Islam in the First Millennium (NNJCI) sitt første studieseminar, som handla om jødedom og kristendom i Roma. Seminaret var arrangert av Århus Universitet, i samarbeid med det danske instituttet i Roma. Femten doktorgradsstipendiatar frå fire nordiske land, samt Storbritannia og Italia var samla.

Seminaret tok opp ulike trekk og tradisjonar ved tidleg jødedom og kristendom, der Roma stiller i ein særposisjon med alle dei historiske kjeldene som er her, som mellom anna katakombane, tidlege kyrkjebygg og ikkje minst dei mange inskripsjonane som er funne her. Desse ulike kjeldene peiker korleis både jødedom og kristendom tok opp etablerte uttrykks- og kunstformer når dei etter kvart kom banen, samt korleis desse fann ein plass i romersk samfunn og historie.

I tillegg til forelesingar av professorar frå universitetet i Roma, universitetet i Århus og det danske og det norske instituttet i Roma, presenterte stipendiatane funn frå sine eigne prosjekt. NNJCI søkjer å leggje til rette for ei brei, fleirfagleg utveksling, og seminaret i Roma førde saman teologar, papyrologar, religionshistorikarar, kunsthistorikarar og filosofar. Bonde er kunsthistorikar utdanna i København og har nett byrja sin stipendiatperiode ved MF innanfor forskingsprosjektet Tracing the Jerusalem Code. Korsvoll er religionshistorikar og arbeider med amulett-tradisjonar i tidleg kristendom.

NNJCI er eit samarbeid mellom MF, universitetet i Århus, universitetet i Helsinki og universitetet i Lund, med mål om å arrangere årlege PhD-seminar for nordiske stipendiatar med fokus tidleg jødedom, kristendom og islam. Seminaret for 2016 vil vere i Etiopia.

Les meir om NNJCI