Gina Lende og telt-leir

Illustrasjonsbilde

Teltleir med telt skaffet av organisasjonen Islamic Relief. Foto: James Emery/Flickr

Forsker på muslimsk bistand

MF deltek i eit nytt, stort, internasjonalt forskingsprosjekt som skal undersøke korleis muslimske humanitære aktørar arbeider i kriseområder, og korleis ulike muslimske organisasjonar, filantropar og statlege initiativ samarbeider om dette arbeidet over landegrensene.

Førsteamanuensis Gina Lende ved MF skal i tre år forske på idear, nettverk og praksis blant muslimske humanitære aktørar. Dette gjer ho saman med sju andre forskarar frå Norge, Nigeria, Indonesia og Pakistan.

Det er Institutt for Fredsforskning (PRIO) som leiar prosjektet som involverer samarbeid med ekspertar frå Bayero University (Nigeria), University of Peshawar (Pakistan), Universitas Islam Negeri Syarif Hidayatullah (Indonesia) i tillegg til MF og Christian Michelsens Institutt (Bergen). Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd.

Ein stor, usynleg bistand

- Det er usikre tall, men ein trur at muslimar gir ein stad mellom 1200 og 6000 milliardar kroner i almisser i året. Sjølv med det lågaste anslaget er dette 15 gonger meir enn det FN rapporterer som går til humanitær hjelp i året. Den store brorparten av muslimsk bistand går utanfor tradisjonelle vestlege bistandsorganisasjonar og kan slik kallast «ein usynleg bistand», fortel Gina Lende.

Mange muslimar gir sin zakat, obligatorisk almisse, direkte til fattige naboar eller slektningar, medan andre gir gjennom moskeen, til lokale hjelpeorganisasjonar, eller til større internasjonale islamske bistandsorganisasjonar.

Lite forsking frå før

- Krisene er mange i verda, men den tradisjonelle vestleg-orienterte bistanden minkar. FN har tatt til orde for meir koordinering og partnarskap mellom offentleg og private givarar, sekulære og religiøse. I dette veksande samarbeidet er muslimske aktørar sentrale. Det er gjort lite forsking på korleis lokalt muslimsk humanitært arbeid heng saman med større transnasjonale nettverk, og korleis idear «reiser» mellom ulike land og regionar. Dette prosjektet er eit viktig bidrag til å forstå endringar i globalt humanitær arbeid, seier forskar Gina Lende.

For meir informasjon om prosjektet, besøk PRIO si nettside.