Forkynnelse for barn

Illustrasjonsfoto

fra Bøler kirke

«Bibel og babbel» gir naudhjelp til forkynnarar

Det finst mykje ferdige opplegg og konkrete oppskrifter for forkynning til born og unge. Men forskinga syner at vellukka formidling krev at formidlaren gjer stoffet til sitt eige. Linn Sæbø Rystad og Per Kristian Hovden Sætre gir deg sine tips. 

Fakta: 

Podkasten «Bibel og babbel» kan du søkje opp i alle podkast-appar eller i Spotify, eller du kan finne dei på nettsida bibelogbabbel.podbean.com

– Det er kjempespennande å forkynna til born og unge. Samstundes er det utfordrande å heile tida finne idear og nye grep som kan fungera. Difor har vi starta podkasten Bibel og babbel, fortel MF-stipendiatane Per Kristian Hovden Sætre og Linn Sæbø Rystad. Dei har fått støtte frå Kyrkjerådet til å drive podkast.

– Kva hjelp er det lyttarane vil få?

– Fyrst og fremst gjev me hjelp til å lesa bibeltekstar og leita etter poeng og moment som kan brukast i forkynninga. Linn forskar på forkynning og eg jobbar med Det nye testamentet, så saman kan me finna mykje nyttig. Og så er det fint å vera del av eit fagmiljø med mange folk som gjerne vert med som gjester og kan spela inn sine ting, seier Per Kristian.

Tilpassa til lokal kontekst

– Men finst det ikkje allereie mange slike hjelpemiddel?

– Det finst mykje, men særleg når det er snakk om forkynning til born og unge er det mykje ferdige opplegg og konkrete oppskrifter. Forskinga syner at vellukka formidling krev at formidlaren gjer stoffet til sitt eige, så ofte kan det vera vel så bra og til og med mindre tidkrevjande å gjera grunnlagsarbeidet sjølv. Då kan ein tilpassa seg betre til den lokale konteksten, meiner Linn.

– Og gjennom det me driv med i podkasten er det også planen å hjelpa folk til å jobba på eiga hand med nye tekstar. Målgruppa vår er folk som jobbar i trusopplæringa, og der er det både dei med lange, teologiske utdanningar og dei med heilt andre bakgrunnar. Vi håper å syna at alle har kompetanse som kan brukast til kreativt tekstarbeid, seier Per Kristian.

Les teksten på nytt

På sikt er målet at stipendiatane skal gje ut eit framlegg til ulike metodar som ein kan bruke. Alt no vil lyttarane av podkasten merka at det teiknar seg ut eit mønster.

– Vi jobbar bibeltekstbasert. Det er litt fordi vi tek utgangspunkt i gudstenesteforkynning der ein faktisk er nøydd til det. Også når ein har eit tema, er det å jobba med tekst ein måte å lære nye ting og ikkje gå seg fast i gamle spor. Det er ikkje mindre viktig når ein formidlar til born og unge, heller tvert om. Så trinn ein er å lesa teksten på nytt. Dersom ein har tid, er det også bra å lesa saman med andre. Vi oppdagar alltid nye ting når vi les saman. Og har ein høve til å lesa saman med nokon frå målgruppa, er det heilt supert, seier Linn.

– Men kva finn ein når ein gjer det?

– Har ein gode spørsmål til teksten, finn ein nyttige vinklingar, overraskingar, spennande karakterar eller konfliktlinjer som kan utviklast og brukast som byggjesteinar i forkynninga. Faglege metodar som ser på forteljinga er ofte nyttige, men også dei som ser på historiske og sosiale bakgrunnar. I podkasten prøver me å flette inn forskjellige metodar som kastar ljos over dei ulike tekstane, fortel Linn.

Opnar for aktuelle spørsmål

– Skal ein bruke likninga om den bortkomne sonen (Luk 15,11–32), finn ein fort ein komplisert relasjon mellom ein far og to søner. I attforteljinga kan ein leggja perspektivet hjå kvar av dei, noko som framhevar ulike sider ved teksten. Ein kan også velja å leita fram dei karakterane som knapt er nemnde. Likninga har mange «tenarar» og «arbeidskarar», og mest truleg er det slavar som er meint. Korleis ser forteljinga ut frå deira ståstad? Kan dei læra oss noko? Og hjelper dei oss til å stille spørsmål ved slaveri og sosial urettferd i dag, spør Per Kristian.

– Men kva gjer ein så når ein har eit poeng og ei vinkling og skal finna ut kva ein skal seia?

– Her speler konteksten, målgruppa og personleg stil ei stor rolle. Vi skal ikkje gje ei oppskrift. Det som er viktig, er at du har noko på hjartet. Tilhøyrarane merkar om du vil dei noko.  Arbeidet med bibelteksten gjev ei grunnforteljing til det du skal seia, som hjelper deg å halda fokus og å finna ei form. Forma kan vere forteljande eller ikkje, den kan vere i fortid, notid eller framtid, men ei samlande forteljing i botn hjelper både deg og tilhøyrarane å hengja med.